Vi har har behov for nye medarbeidarar på institusjonen vår og søkjer etter deg som er sjukepleiar /vernepleiar /helsefagarbeidar eller pleiemedarbeidar. Stillingsprosent etter nærare avtale.
Stillingane er som oftast med arbeid kvar 3. helg, eller turnus med langvakter. Moglegheit for langvakter også i vekedagane. Søknadsfristen er 31.10.2026, men tilsetjing skjer fortløpande.
Bemanninga på institusjonen er sett saman av sjukepleiar, hjelpepleiar/helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar, assistentar, og sjukeheimslege. Vi arbeidar tverrfagleg og i team, der vi også arbeidar saman med ergoterapeutar og fysioterapeutar for å gje forsvarleg og heilskapleg tilbod til brukarane.
Institusjonstenesta har frivilligheitskoordinator som jobbar saman med frivilligorganisasjonar og frivillige for å planleggja, koordinera, og gjennomføra aktivitet på institusjonane.
Rosendalstunet har 6 avdelingar fordelt på rehabilitering, korttid, langtid og demensavdeling. Nattevakttenester for institusjonen og heimetenester i Rosendalsområdet.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåver på natt:
Kvalifikasjonar:
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Meir informasjon om den flotte regionen vår finn d u her: Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no)
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.