Volda kommune treng barnehagelærarar som kan tenke seg å vere tilkallingsvikar i barnehage. Denne utlysinga gjeld for barnehageåret 2026/2027.
Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men til ei liste over søkarar som kan vere tilkallingsvikarar i dei kommunale barnehagane.
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel, og vere budd på å arbeide med alle barnegrupper i alderen 0-6 år.
Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periodar. Stillingsstorleik vil vere etter behov, og kan variere.
Det er styrar ved den einskilde barnehage, som gjer avtale med tilkallingsvikar.
Aktuelle barnehagar:
Austefjord barnehage: 90 47 46 12
Bratteberg barnehage: 94 00 19 77/ 48 22 96 83
Engeset barnehage: 94 79 09 65
Folkestad barnehage: 47 50 47 87
Hornindal barnehage: 97 96 24 24
Lauvstad barnehage: 47 50 34 18
Mork barnehage: 90 64 34 72 / 70 07 77 90
Oppigarden barnehage: 46 88 33 22
- godkjent utdanning som barnehage-/førskulelærar
- god framstillingsevne munnleg og skriftleg
- bestått norskprøve i tråd med føringar i barnehagelova § 27, UDIR § A2-B1
Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.
Saman med utdanning og praksis, vil personlege eigenskapar verte vektlagde. Referansar kan verte kontakta.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og løn. Vi ber om at søkarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.Arbeidsavtale og vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.