Ørsta kommune treng til ei kvar tid lærarar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i Ørstaskulen. Denne utlysinga gjeld for skuleåret 2026/2027.
Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar i Ørstaskulen.
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å undervise på alle trinn i grunnskulen.
Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Stillingsstorleik vil variere etter behov.
Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde rektor.
Aktuelle skular:
Dalane skule: 41 86 43 20
Hovden skule: 91 42 84 76
Sæbø skule: 47 66 83 79
Vartdal skule: 99 28 69 99
Velle skule: 46 92 65 82
Vikemarka skule: 700 47 700
Ørsta opplæringssenter: 700 45 300
Ørsta ungdomsskule: 95 16 91 71
Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar. Vi ønskjer likevel først og fremst søkjarar med relevant utdanning frå høgskule eller universitet.
Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.
Arbeidsavtale og -vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar unnatakast offentleg
søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vere
unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert
konkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil
oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom
kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod om
å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.