Helsefagarbeidar

Gulen kommune
Posted
On-site
Part-time
Entry-level
Job Description

Om stillinga 

Gulen kommune har ledig fylgjande helgestillingar i Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale: 

  • 19% fast stilling som helsefagarbeidar. Stillinga er for tida knytt til avdeling Dalsøyra, med kortvakter kvar 3. helg
  • 13,15% fast stilling som helsefagarbeidar. Stillinga er for tida knytt til avdeling Byrknes, med arbeid kvar 3. helg, med dagvakt laurdag og søndag. 

Me tilbyr: 

  • Løn over tariff for helsefagarbeidar i turnus
  • Ekstra helgekompensasjon for gjennomført vakt 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbeidarane. 


Arbeidsoppgåver 

  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav 

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels stilling. 
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest 
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar 

  • Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
  • Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
  • Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Benefits
Pension Plan
Life Insurance
Disability Insurance