Barnehage Teacher

Vestre Slidre kommune
Slidre, Innlandet, Norway
Posted
On-site
Temporary
Entry-level
Job Description

I Slidre kulturbarnehage har vi fleire ledige stillingar, både frå mars 2026 og for barnehageåret 2026-2027.

Vestre Slidre kommune er ei attraktiv kommune å bu i, og vi gledar oss over høge barnetal. Difor er det  behov for fleire kolleger.
Ynskjer du jobb i barnehagen? Vil du vere med på laget og vidareutvikle vår barnehage? Då håpar vi på ein søknad frå deg!

I søknaden din skriv du kva stilling du søker på.

Vi lyser ut etter:

- Ekstra ressurs som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar, 100% engasjement, frå og med 01.03.2026 til og med 31.12.2026. Med moglegheit for forlenging.

- Fagarbeidarar, 100% fast stilling, og inntil 200 % vikariat.

- Barnehagelærarar, 100% fast stilling, inntil 300 % vikariat.

- Tilkallingsvikarar


Vi oppmodar deg med kompetanse som barnehagelærar og barne- og ungdomsarbeidar til å søke. Vi oppmodar og deg som er under utdanning innan oppvekst, og/ eller har relevant kompetanse og praksis i faget, til å sende oss ein søknad. Det kan og bli ledige stillingar ved eventuelle permisjonar og/eller interne endringar i personalet.

Vi har ei erfaren og kompetent personalgruppe som gjennom god omsorg og tett foreldresamarbeid har som mål å gje kvart enkelt barn ein god dag – kvar dag!
Send ein søknad, bli med på laget!


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg omsorg for det enkelte barn og barnegruppa.
  • Bidra til at barnehagen er ein trygg og god oppvekstarena.
  • Bidra til utvikling av det psykososiale miljøet, samt lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa.
  • Medansvar for at den pedagogiske verksemda blir drive i samsvar med overordna mål, lover og retningslinjer for barnehageverksemda.
  • Bidra til godt foreldre- og personalsamarbeid.
  • Kome med innspel til innhald på møter, samt delta aktivt i møta.
  • Medverke til at samarbeid på avdelinga, på tvers av avdelingar og barnehagar fungerar optimalt, og - medverke til eit godt psykososialt arbeidsmiljø.
  • Medansvar i forhold til rettleiing.

Kvalifikasjonar

Barnehagelærarstillingar, kompetansekrav:

  • Bachelor barnehagelærar.
  • Anna relevant utdanning kan bli vurdert.

Fagarbeidarstillingar, kompetansekrav:

  • Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget.
  • Ufaglærte med erfaring kan også bli vurdert.

Personlege eigenskapar

Alle stillingar:

  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
  • Er ein fleksibel, aktiv og fagleg engasjert vaksen med evne til å begeistre.
  • Er genuint oppteken av barns beste, med fokus på tryggheit, omsorg og relasjonsskaping.
  • Er påliteleg, positiv og har gode samarbeidsevner- og vilje.
  • Har evne til å reflektere over eigen og kollektiv pedagogisk praksis for å skape utvikling og læring.
  • Har evne til å søke, kunne ta i mot, og gi veiledning.
  • Bidra inn i forhold til kunst, kultur og kreativitet.
  • Er glad i å væra i aktivitet og bidra til å bruke det pedagogiske uterommet.
  • Beherskar god kommunikasjon, munnleg og skriftleg. Krav til norskkunnskapar minimum A1 og gjerne B1.
  • Må beherske PC som verktøy.
  • Politiattest må bli levert før oppstart.

 

Vi tilbyr

  • Ein allsidig og spanande jobb!
  • Dyktige kollegaer med høg fagleg og relasjonell kompetanse.
  • Fortrinnsrett på barnehageplass for eigne barn.
  • Fri i jul og påske jfr vedtektene ( avspasering).
  • Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Karin Årnes Midthus, Assisterande styrar, 90264433, Karin.arnes.midthus@vestre-slidre.kommune.no
Kristin Bråten Tvenge, Styrar, 94803824, Kristin.Braten.Tvenge@vestre-slidre.kommune.no

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 5064492550
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.03.2026

Benefits
Pension Plan
Life Insurance
Disability Insurance