Helse- og velferdssektoren treng sommarvikarar i perioden frå 15. juni - 2. august 2026. Me kan tilby ulik typar stillingsstorleik og turnusar.
Kommunen er liten, men tenkjer stort, og har heilt nye og moderne lokale med sjukeheim, heimetenester, psykiatri, institusjonskjøkken, dagtilbod, rehabilitering og omsorgsbustader. Til delar av tenesta må søkjaren ha førarkort og politiattest. Me tilbyr sommarjobb med varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar. Somatisk avdeling med Kommunal Akutt Døgnplass (KAD)-rom, demensomsorg både på sjukeheim og i heimeteneste, dagsenter, palliasjon og miljøbehandling. Kommunen treng ferievikarar til desse arbeidsplassane:
Kvalifikasjonskrav
Me tilbyr gode vilkår for søkjarar med relevant kompetanse innan helsefag.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Andre opplysningar
Oppgje i søknaden kva for avdeling/arbeidsplass du ynskjer å arbeida i, samt om du har ynskje om ferie/fri i arbeidsperioden. Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.