Eining for Behandlingshjelpemiddel (BHM) søkjer ein engasjert og serviceinnretta sjåfør til 100 % fast stilling.
Eining for Behandlingshjelpemiddel er ein del av Medisinsk-teknisk avdeling, og er organisert i to seksjonar: Seksjon for kliniske fag og Seksjon for logistikk og verkstad. Eininga har totalt 37 tilsette, og tilsettgruppa omfattar sjukepleiarar, merkantilt personell, ingeniørar, lagermedarbeidarar, sjåførar, assistentar og stab. Vi arbeider saman for å finne gode løysingar for pasientane våre og for å sikre ei effektiv drift.
Seksjon for logistikk og verkstad har ansvar for logistikktenester og teknisk oppfølging av medisinsk utstyr til heimebuande pasientar. I tillegg vert utstyr levert til sjukehus, sjukeheimar og andre institusjonar. Tenesteområdet for denne stillinga vil i hovudsak omfatte transport og logistikk knytt til levering av medisinsk utstyr og forbruksmateriell innan fagområda diabetes, respirasjon og ernæring. Vi har eit vidt geografisk leveringsområde, fordelt på to bilar. Levering skjer på faste vekedagar til dei ulike områda. Det er tett samarbeid mellom sjåførane, som støttar kvarandre ved behov. Arbeidet kan tidvis vere fysisk krevjande og tungt.
Som sjåfør ved BHM har du dagleg kontakt med pasientar, og du bistår med enkel opplæring, problemløysing og gjennomgang av medisinsk utstyr som er i bruk heime hos pasientane. Du må difor kunne tileigne deg kunnskap om, og bli godt kjent med, varene og utstyret vi leverer. Nødvendig opplæring vil bli gitt. Sjåførane er eit viktig bindeledd mellom pasientane og eininga, og samarbeider tett med tilsette på lager, verkstad og klinisk seksjon for å sikre god service og oppfølging av pasientane. Det er difor eit krav at du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
I tillegg til transportoppgåver kan det i denne stillinga være behov for bistand på lager. Du må raskt kunne tileigne deg nødvendig kompetanse innan dei systema vi brukar. Arbeidskvardagen er prega av høgt tempo, og vi søkjer deg som arbeider effektivt og har god omstillingsevne.
Du kan lese meir om oss: https://www.helse-bergen.no/avdelinger/driftteknisk-divisjon/medisinsk-teknisk-avdeling/behandlingshjelpemiddel/
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.