Kitchen Assistant

Avdeling for institusjonstenester, Nissedal kommune
Treungen, Telemark, Norway
Posted
On-site
Seasonal
Entry-level
Bonuses
Job Description

Kjøkkenet på Nissedal omsorgssenter søker etter kjøkkenassistent sommaren 2026. Stillinga tek til frå veke 25 - 32 og inneber dagarbeid fem dagar i veka.

På kjøkkenet vert det laga lunsj og middag til institusjonsbebuarane, samt middag til heimebuande.

I februar 2026 blir første byggetrinn i ombygginga av omsorgssenteret ferdigstilt. Kjøkkenet og den sjølvbetente kafeen var ein del av første byggetrinn. 

Den som vert tilsett vil difor jobbe i vårt heilt nye kjøkken på omsorgssenteret!


Arbeidsoppgåver

Som kjøkkenassistent vil du: 

  • Assistere kokkane
  • Fylle på kafeen
  • Hjelpe med å rydde og vaske opp
  • Levere ut mat til avdelingane

 

 

Kvalifikasjonar

Har du erfaring frå institusjonskjøkken eller liknande er det ein fordel, men ikkje eit krav. 

Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på.

Personlege eigenskapar

Vi søker etter deg som: 

  • Har eit ynskje om å yte gode tenestar
  • Viser initiativ
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er positiv og fleksibel
  • Er sjølvstendig og lærevillig

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Bonusordningar. Om du bind deg for 5 eller fleire veker frå veke 25-32 vil det bli utbetalt bonus for 5, 6 eller 7 veker.

Kontaktinformasjon

Eline Metveit, Avdelingsleiar for institusjonstenester

Arbeidsstad

Sollivegen 2
3855 Treungen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5068903909
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 10.02.2026