Teacher

Klepp kommune, Administrasjon Skule
Posted
On-site
Full-time
Entry-level
Job Description

Frå 1. august 2026 er det ledig fleire lærarstillingar. Me søker etter dyktige og engasjerte pedagogar med godkjent lærarutdanning for undervisning i grunnskulen.

Det kan vere behov for alle fag i grunnskulen

Fleire skular i kommunen er partnarskapsskular for grunnskulelærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger.

Nyutdanna lærarar får rettleiing dei to første åra, med redusert undervisningsplikt 1. året i tråd med sentral avtale.

I skulane vil det bli ledig heil- og deltidsstillingar. Utlysinga gjeld både fast tilsetting og vikariat. 

I Klepp kommune er det er seks barneskular, to ungdomsskular, ein kombinert barne- og ungdomsskule og kulturskule. Klepp kommune samarbeider med Time kommune om Vardheia ungdomsskule. Kommunen har i tillegg språkstasjon ved Kleppe skule og Bore ungdomsskule.

Skulane i Hå, Gjesdal, Klepp og Time er del av Jærskulen som er eit framtidsretta skulesamarbeid der me jobbar saman for å utvikla den beste skulen for alle elevane og lærarane våre. Me har eit forpliktande samarbeid mellom kommunane på leiarnivå fordi oppdraget vårt med å utdanna og danna unge menneske som tek vare på kvarandre og demokratiet vårt i framtida, er så viktig at me må gjera det i lag.


Kvalifikasjonar og informasjon

  • Godkjent undervisningskompetanse
  • Ønskelig med undervisningskompetanse i alle fag
  • Ønskelig med tegnspråk -kompetanse
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • God digital kompetanse

 

Skule / Rektor / Mobilnummer

  • Bore skule, rektor Jorun Beate Fylkesnes 938 95 074
  • Bore ungdomsskule, konstituert rektor Sandra Claveau Børresen-Varhaug 416 31 596
  • Engelsvoll skule, rektor Lise Følgesvold Pedersen 450 36 415
  • Klepp ungdomsskule, rektor Sigurd Ravndal 928 68 154
  • Kleppe skule, rektor Sylvia Gjersdal 928 39 767
  • Kleppelunden skule, rektor Kariann Leikanger 984 34 386
  • Orre skule, rektor Kenth Magne Åsebø-Trodal  907 90 216
  • Orstad skule, rektor Randi Harveland 412 92 877
  • Tu skule, rektor Vibeke Sola 402 88 726

Ta kontakt med rektor på den einskilde skule for nærmare opplysning om kompetansebehov.

Ikkje vent til fristen med å søkja. Me vil ta kontakt med aktuelle kandidatar fortløpande for å gjera avtale om intervju. 

 

Attestar og vitnemål

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Søknad
Me ber deg om å skriva i søknaden din kva skular du ønsker å søkja deg til.

Politiattest

Politiattest av nyare dato må leggast fram før oppstart.

Personlege eigenskapar

  • Du har fokus på kvalitet og auka læringsutbytte hos elevane
  • Du er ein motivert og engasjert pedagog og kollega
  • Du er god til å skapa gode relasjonar til alle elevar
  • Du er ein tydeleg og varm klasseleiar og vaksenperson
  • Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar
  • Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid
  • Du bidreg på ein positiv måte i personalet, med humor og faglege innspel
  • Du samarbeider og kommuniserer godt.  Personlege eigenskapar blir vektlagt

Vi tilbyr

Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldande lover, reglement og tariffavtalar

Lønn i samsvar med lokal lønnspolitikk

Kontaktinformasjon

Silje Nygård, +47 91586326

Arbeidsstad

Bedriftsvegen 4
4353 KLEPP STASJON

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5064321368
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.02.2026

Benefits
Pension Plan
Life Insurance
Disability Insurance