Er du i eit relevant utdanningsløp, har du fagkompetanse eller erfaring frå helse og omsorg? Er du ein omsorgsfull og påliteleg person som ønskjer å gjere ein forskjell i sommar?
Pleie- og omsorgsavdelinga inviterer deg til å søkje som ferievikar. Hovudferien vert avvikla mellom 15.06.26 og 10.08.26. Det er mogleg å arbeide heile eller delar av perioden. I søknaden ber vi deg skrive når du vil jobbe og kva seksjon du ønsker å arbeide på.
Pleie- og omsorgsavdelinga består av Herøy omsorgssenter seksjon raud og grøn som er sjukeheimsavdelingar. Seksjon blå er ein sjukeheim for personar med demens. Heimetenesta, heildøgn omsorgsbustadar Eggesbøtun og institusjonskjøkkenet. Myrvåg omsorgssenter består av seksjon a som er ein korttids- og langtidsseksjon og seksjon b som er for personar med demens.
Arbeidet vert organisert i eigen ferieturnus som du får i god tid før du startar i stillinga. Det kan vere moglegheiter for langvakter på helg.
Oppgåvene vil variere etter kva seksjon du søkjer på, nokre døme er:
Oppgåver vert vurderte etter kompetanse og erfaring.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest for alle som arbeider i den kommunale helse- og omsorgstenesta (jamfør helse- og omsorgstenestelova § 5-4). Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetting. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.