Høydalsmo skule har ledig vikariat på omlag 60% som fagarbeider frå 01.01 - 2027 og fram til 25.06 - 2027.
Høydalsmo skule er ein 1-10 skule med 60 elevar og om lag 14 årsverk for pedagogisk personale.
På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings – og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning.
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Dordi Didriksen, e-post: dordid@tokke.kommune.no eller mob.: 922 16 608
Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat.
* Eit godt arbeidsmiljø.
* Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar.
* Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Andre opplysningar:
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil vi nytte same søkjarliste.
Vi i Tokke kommune er opptekne av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.