Etterretningstenesta – Viten om verda for vern av Noreg
Oppdraget til Etterretningstenesta er å samle inn informasjon og varsle om forhold i utlandet som kan truge Noreg og norske interesser. Vi søkjer no etter fagleiar for innhenting av geografiske data.
Vi har ledig fast stilling som senioringeniør med hovudoppgåvar knytte til fagleg leiing og vidareutvikling innanfor ansvarsområdet til faggruppa.
Hovudoppgåvene til faggruppa er å hente inn og strukturere oppdatert og relevant geografisk informasjon. Det vil også være aktuelt å jobbe med ikkje-geografiske grunnlagsdata.
Avdelinga som stillinga er underlagd, har ansvar for å understøtte både Forsvaret generelt og Etterretningstenesta spesielt med rettidig og relevant geografisk, meteorologisk og oseanografisk informasjon (GEOMETOC).
Vi kan tilby spennande arbeidsoppgåver der det du er med på å levere, kjem til direkte nytte på alle nivå i Forsvaret og Etterretningstenesta.
Hos oss kan du få annleis opplevingar, og vi kan love deg eit hyggeleg arbeidsmiljø!
Vi er avhengig av mangfald i perspektiv og erfaringar for å løyse oppdraga våre. Difor ønskjer vi å rekruttere medarbeidarar med ulik bakgrunn og ulike livserfaringar til å arbeide hos oss.
Vi oppmodar kvinner til å søkje stillinga.
Du må oppfylle desse krava for å bli vurdert som aktuell søkjar til stillinga:
I tillegg er det ønskjeleg om du har kompetanse innanfor:
Du må leggje ved vitnemål og andre attestar som stadfestar den høgaste utdanninga di, for å bli vurdert som søkjar.
Særskilde krav for stillingar i Etterretningstenesta:
Søkjarar må tilfredsstille krava til høgaste tryggingsklarering.
For å bli tilsett i Etterretningstenesta kan du ikkje ha anna enn norsk statsborgarskap på tidspunktet du blir tilsett.
Stillinga er underlagd beordringsplikt, jf. forsvarslova og forsvarstilsetteforskrifta. Det inneber at du kan bli beordra til internasjonale operasjonar. Dette skjer normalt på grunnlag av villigheit. Beordringsplikt medfører krav til medisinsk og fysisk dugleik og grunnleggjande engelskkunnskapar. Dersom du ikkje oppfyller krava, kan du søkje dispensasjon.
Vi legg stor vekt på kor personleg eigna du er for ei stilling i Etterretningstenesta:
Vi krev dessutan gode samarbeids- og kommunikasjonsevner for den konkrete stillinga som fagleiar.
Hos oss får du ein spannande og samfunnsnyttig jobb der du vil kunne utgjere ein forskjell.
Etterretningstenesta er opptatt av å auke kompetansen hos dei tilsette, og vi vil satse på både deg som person og faginteressa di.
Våre tilsette har fleksitid, kan trene i arbeidstida, samt gunstige lån- og pensjonsordningar gjennom Statens pensjonskasse.
Du vil få ei årsløn innanfor spennet kr 785 000 - 980 000 i stillinga som senioringeniør (kode 1181) i samsvar med gjeldande Hovudtariffavtale. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.