Vil du ha fagleg breidde, tett samarbeid og ansvar – utan å forsvinne i mengda på eit stort sjukehus?
Ved Voss sjukehus får du vere sjukepleiar i ordets rette forstand: tett på pasienten, tett på kollegaene og tett på avgjerdene.
No søkjer me sjukepleiarar i faste heiltidsstillingar frå sommaren 2027 til:
👉 Oppgje i søknaden kva stilling(ar) du søkjer, i prioritert rekkjefølgje.
Kvifor velje Voss sjukehus?
Medisinsk sengepost
Heildøgnspost med pasientar innan mellom anna hjarte, lunge, nyre, mage/tarm, slag, infeksjon, diabetes og kreft.
🕒 3-delt turnus, arbeid kvar 3. helg.
Kirurgisk/ortopedisk sengepost
Heildøgnspost innan gastrokirurgi, generell kirurgi, ortopedi og gynekologi.
Elektiv drift kombinert med øyeblikkeleg hjelp, samt kompetanse innan palliasjon og kreftomsorg.
🕒 3-delt turnus, arbeid kvar 3. helg.
Traineesjukepleiar – for nyutdanna
📌 For trainee: legg ved karakterutskrift og 2 referansar.
📞 Spørsmål om traineeprogrammet? Ta kontakt med Mari Pedersen, tlf. 938 78 352.
Du:
Nyutdanna? Erfaren? Begge delar er velkomne!
Du:
⏱️ Du må kunne jobbe minst 6 av 9 veker i perioden veke 25–33.
Me oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.