Vindafjord kommune driftar ein ny og flott symjehall i Vats. Det er to basseng, sklie, badstue og flotte fellesområde, samt fasilitetar for tilsette. Vi treng no fleire badevaktar som skal bidra til tryggleik og gode opplevelsar for besøkjande, og at symjehallen skal bli eit felles samlingspunkt for heile kommunen. Du må like å jobbe i team og det er viktig å bidra der det trengs for å sikre god drift av symjehallen.
Vi har behov for ein fast stilling på ca 20% med arbeidstid ettermiddag/kveld og helger. Me har og behov for deg som kan vera vikar til dag, kveld og helgevakter. Skriv i søknaden kva som er aktuelt for deg.
Kva får du jobba med hos oss?
Me kan tilby:
Kvalifikasjonar:
Informasjon:
Du må vere over 18 år og framvise gyldig politiattest. Opplæring vil bli gitt, men du må vere symjedyktig og kunne dykke ned på botn av basseng. Dersom du har relevant erfaring og utdanning er dette positivt, men ikkje naudsynt. Du blir gitt førstehjelpskurs og livredningskurs før tiltreding.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du må lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Bilde: Kristine Thorsen Eikeland, Vindafjordhallen symjehall