UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVelkomen som søkjar til ei mellombels stilling som universitetslektor i russisk (15 prosent) ved Institutt for framandspråk frå 1. januar til 30. juni 2027.
Institutt for framandspråk (IF) har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjue ph.d.-stipendiatar og postdoktorar, elleve administrativt tilsette og dessutan mellombels tilsette i kortvarige engasjement. Instituttet tilbyr studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk og i spansk språk og latinamerikastudium.
Russiskfaget har for tida tre faste stillingar med ansvar for undervisning og forsking innanfor ulike faglege disiplinar (språk, litteratur, kultur og samfunn). Forskinga og undervisinga har òg innslag av eit vidare austslavisk perspektiv, som m.a. inkluderer språk, samfunn og kultur i Ukraina. Faget gjev undervisning og rettleiing på bachelor- master- og ph.d.-nivå.
Undervisninga vil i hovudsak omfatta forelesingar og seminar i russisk litteratur, historie og kultur på bachelornivå. Dersom den som blir tilsett, er kvalifisert til det, kan det òg bli aktuelt å undervise i språklege emne.
Arbeidsoppgåvene vil inkludere:
Undervisningsspråka på faget er russisk og norsk. Administrasjonsspråket ved instituttet er norsk.
Søkjaren må ha:
Det er ein føremon, men ikkje eit krav med:
Personlege eigenskapar blir vektlagde i vurderinga. Det blir lagt særleg vekt på evna til å kombinere sjølvstendig arbeid med godt samarbeid, og til å engasjere studentar i læringsprosessen.
Tilsetjing i stillinga krev normalt at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer.
Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenkja "SØK STILLINGA" på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsetjingsprosessen her.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Martin Paulsen på telefon 55 58 23 86 eller epost m.paulsen@uib.no, eller til fagkoordinator Brita Lotsberg Bryn på telefon 55 58 29 91 eller e-post brita.bryn@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e post: fakadm@hf.uib.no.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.