Mikrobiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus har ledig 100 % fast stilling som bioingeniør/avdelingsingeniør på Molekylærbiologisk eining.
Oppstart i stilinga er snarast eller etter avtale.
Mikrobiologisk avdeling har hovudansvar for infeksjondiagnostikk for Helse Førde. Avdelinga består av tre analyseeiningar: Bakteriologi, Serologi og Molekylærbiologi.
I tillegg har vi substratlaboratoriet som produserer dyrkingsmedie, prøvemottak som registrerer prøver og legegruppe som validerer prøvesvar. I vårt team har vi 26 medarbeidarar, herunder overlegar, bioingeniørar, avdelingsingeniørar og sekretærar. Vi er eit akkreditert laboratorie etter ISO 15189-standarden, og kvalitetskoordinator bidreg til at vi etterlever krava i standarden.
Molekylærbiologisk eining utfører molekylærbiologiske analyser som ledd i diagnostikk av infeksjonssjukdomar. Tilbodet vårt inkluderer ulike PCR analysar.
Vi søkjer ein fagleg engasjert og dyktig medarbeidar som kan bidra til å utføre og kvalitetssikre mikrobiologiske analysar ved eininga. Hos oss vil det vere varierte arbeidsoppgåver, og du får moglegheit til å jobbe ved fleire einingar saman med ulike yrkesgrupper.
Vi legg vekt på godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag. Vi er opptekne av trivsel - både på jobb og i fritid. Fleire av medarbeidarane våre er aktive innan ulike aktiviteter slik som klatring/buldring, strikking, løping, kor og andre sosiale aktivitetar - Bli Med Oss!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.