Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.
Vi har ledig fast stilling ved:
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Vil du vere ein viktig del av pasientforløpet ved Avdeling for Gastrokirurgi
Vi søker nå ein engasjert og løysingsorientert helsesekretær som vil bidra til trygg, effektiv og profesjonell pasientbehandling.
Avdeling for Gastrokirurgi er ein del av Kirurgisk klinikk og har tre sengepostar, med 60 senger. Vi behandlar om lag 4500 inneliggande pasientar, har 1200 dagbehandlingar og rundt 20 000 polikliniske konsultasjonar.
Som helsesekretær hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag, med rotasjon mellom poliklinikk, sengepost og inntakskontor. Du får grundig opplæring innnfor dei områda du skal jobbe med.
I dag har avdelinga av 10 dyktige sekretærar fordelt på poliklinikk, sengepost og inntakskontor. No ønsker vi å styrke teamet med ein medarbeidar som:
Hos oss får du ein arbeidsplass med stor fagleg breidde, gode kollegaer og moglegheit til å bidra i ei avdeling i utvikling.
Vi håper du har lyst å bli ein del av vårt team!
Kontakt: [name removed], tlf. 90697382.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse