Vi søker ein engasjert og dyktig sjukepleiar i vår prosjektstilling fordelt på Herøy og Myrvåg legesenter i frå første moglege dato. Vi ser etter deg som likar å jobbe med prosjekt og utvikling, og har gode samarbeidsevner. Prosjektet heiter: "Styrking av allmennlegetenesta i distriktskommuner."
Prosjektstillinga er ei deltidsstilling på 60%. Det kan leggast til rette for ein kombinasjon med 40% stilling i heimetenesta dersom søkar ønska det. Ei slik kombinasjonsstilling kan også være ein fordel sett opp mot målsetninga til prosjektet.
Målsetninga for prosjektet er å få betre samhandling mellom fastlegane, og samarbeidspartnarar, mest inn mot kommunal helseteneste, som til dømes heimetenesta. Kjennskap til arbeid ved legekontor og/eller heimesjukepleie vil vere ein fordel. I tillegg er det ønskeleg å få implementert gode rutinar for sjukepleiearbeid ved legesentera.
Arbeidsstad vil vere begge dei kommunale legekontora i kommuna, i tillegg til administrasjonstid for del som høyre til prosjekt.
Prosjektstillinga er i utgangspunktet treårig, med atterhald at tilskotet vert vidareført i statsbudsjettet. Tilsetting vert difor eitt år om gongen.
Herøy legesenter har faste legar i alle våre seks fastlegeheimlar. Av desse er fire ALIS-legar og to erfarne allmennlegar. Vi har også ein LIS1-lege og om hausten tek vi imot studentar frå NTNU Trondheim. Myrvåg legesenter har hatt stabile fastlegar over fleire år. I tillegg til LIS1, er her fire fastlegar, der alle legane er spesialistar i allmennmedisin.
Arbeidskvardagen hjå oss består av både kliniske og administrative oppgåver. Arbeidsoppgåvene vil variere gjennom dagen, og du vil samarbeide tett med både legar, sjukepleiar og helsesektrærar mellom anna med:
Administrative oppgåver:
Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.