Rus- og avhengigheitsklinikken har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Kvinne- og familieavdeling er ein del av Rus- og avhengigheitsklinikken og består av ein sengepost, Kvinnepost Tertnes og eit poliklinisk/ambulant team. Ved seksjonen jobbar psykologar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, sosionom, kunst- og uttrykksterapeut, familieterapeut og treningsterapeut. Vi har også nevropsykolog knytt til seksjonen, som er tilgjengeleg for drøfting i ugreiingssaker, og som utfører nevropsykologiske testar etter avtale med psykolog og pasient. Vi jobbar tverrfagleg og alle bidrar med sin spesialkompetanse i behandlinga.
Vi har no ledig eit vikariat i 100% stilling som psykolog frå januar til 31. juli på Kvinneposten Tertnes.
Kvinneposten har 15 sengeplassar for frivillig behandling av rusmiddelavhengige kvinner. Ein vil jobbe med kartlegging, utgreiing og behandling av rus- og psykiske lidingar i samarbeid med andre behandlarar og miljøpersonale.
Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godt tverrfagleg samarbeid med opne dører og kreativitet. Kvinneposten jobbar tverrfagleg ut frå eit obligatorisk behandlingsprogram, blant anna beståande av gruppeterapi, individualterapi, treningsterapi og miljøterapi.
Vi søker psykolog som trivst med teamarbeid, verdset tverrfagleg tenking, har gode kommunikasjonsferdigheiter. Det er ein fordel å ha erfaring med pasientgruppa. Psykologen vil inngå i psykologfagleg team i seksjonen. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.