Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Kirurgisk klinikk, Avdeling for karkirurgi, har ledig fast stilling som Overlege i karkirurgi.
Dette er ein unik moglegheit til å arbeide ved ei av dei mest avanserte og aktive karkirurgiske avdelingane i Noreg. Karkirurgisk avdeling diagnostiserer og behandlar eit breitt spekter av karkirurgiske tilstandar, inkludert open og endovaskulær kirurgi for aneurismer, carotiskirurgi, perifer karkirurgi og aksesskirurgi. Vi har eit tett samarbeid med intervensjonsradiologisk avdeling, thoraxkirurgi, kardiologi og traumesenteret, og deltar i mottak av multitraumatiserte pasientar. Avdelinga er tertiærsenter for heile Vestlandet.
Vakttenesta inngår deltaking i mottak av multitraumatiserte pasientar i samarbeid med Traumesenteret i Bergen.
Stillinga inngår i den vaktordninga som til ein kvar tid gjeld ved Karkirurgisk avdeling.
Dei tre overlegestillingane vil alle vere på lik linje ift arbeidsoppgåver som avdelingas øvrige overlegar, imidlertid vil stillinga ha eit knytt til ansvarsområde.
Dei tre ulike ansvarsområda vil vere;
1. Fagansvar for diabetiske fotsår
2. Fagansvar for forskingsaktivitet
3. Fagansvar for utvikling innanfor endovaskulær kirurgi
Kandidater som søker, bes spesifisere hvilken av oppgavene de søker på, evt en rangering. Det er selvsagt mulig å søke på alle i en prioritert rekkefølge. Kandidater bes skrive et eget avsnitt i søknad om hvilke tanker de har om sin rolle innen ønsket fagansvar som søkes på.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.