Om stillinga
Frå november 2026 søker Nordbygda skule og SFO etter fagarbeidar i 100% vikariat. Vikariatet varar fram til og med 31.07.2027.
Masfjorden kommune har 3 skular: Matre skule, Nordbygda skule og Sandnes skule. Skulane er 1-10 skular.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk og pedagogisk arbeid med barn individuelt og i grupper
- Vise omsorg for kvart enkelt barn
- Ta initiativ til og delta aktivt i barnas aktivitetar og leik
- Bidra til eit godt samarbeid med kollegaar og føresette
Me søker
- Me søker personar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar. Søkarar utan godkjent utdanning vil også kunne bli vurderte
- Ha interesse for barn og barns utvikling
- Tydeleg og vaksen som tar initiativ til å byggje gode relasjonar
- Kunne gjennomføre og følge opp aktivitetar med barn både inne og ute
- Ha gode samarbeidsevner og kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Gode norskkunnskapar både skriftlege og munnlege
- Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Anna
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing i skule og SFO vert det stilt krav om politiattest
- Løn etter tariff
Slik søkjer du:
Du søkjer elektronisk via "send søknad" på denne sida.