Me søkjer to sjukepleiarar i 100% stillingar heimetenesta - ei stilling i indre sone og ei stilling i ytre sone.
Stillinga i indre sone er grunna svangerskapspermisjon, men me ynskjer å lyse denne ut som fast stilling. Her vil du vere i heimetenesta det første året, etterfulgt av å arbeide i ytre sone om behov, eller på insititusjon dersom heimetenesta ikkje har ledig stilling.
Stillinga i ytre sone er fast i heimetenesta.
Som sjukepleiar i heimetenesta får du ein meiningsfull jobb der du reiser ut til heimebuande som har ulike behov for din kompetanse og di hjelp.
Du vil arbeide med mange gode kollegaer med godt arbeidsmiljø og eit høgt fokus på fag- og velferdsteknologiske løysningar, og nyttar mellom anna ulike typar digitale medisindispensarar.
Om oss:
Heimetenesta indre sone har sonekontor på Ølen omsorgssenter, og dekker bygdane Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Vikedal, Sandeid og Imsland. Heimetenesta ytre sone har sonekontor på Vindafjordtunet og dekker bygdane Skjold, Vats og Vikebygd, samt 25 omsorgsbustadar.
Kva får du jobba med hos oss?
Me kan tilby:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.