Helsesekretær

Serviceseksjon Psykisk helsevern, Helse Førde
Førde, Vestland, Norway
Posted
On-site
Full-time
Entry-level
Job Description

Serviceseksjonen i Psykisk helsevern har ledig 100 % fast stilling som helsesekretær/sekretær med arbeidsstad ved Psykiatrisk klinikk i Førde. 

Seksjonen har ansvar for merkantile tenester, mottak av besøkande, telefoni, sakshandsaming og kvalitetsarbeid. Vi er 17 tilsette fordelt på kontorstadane Nordfjordeid, Florø, Førde og Sogndal,.og er ein del av Psykisk helsevern i Helse Førde. 


Arbeidsoppgåver

  •  Resepsjon
  •  Telefoni og kontaktsenter
  •  Pasientadministrativt arbeid knytt til innkalling og oppfølging av pasientforløp
  •  Førefallande arbeid tilhøyrande seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjeleg at søkjar har autorisasjon som helsesekretær
  • Fullført relevant vidaregåande utdanning eller fagbrev kan kompensere for manglande autorisasjon
  • Må beherske norsk godt både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt
  • Fordel med kjennskap til DIPS

Personlege eigenskapar

Vil du vere ein viktig støttespelar i ein travel og spennande arbeidskvardag?

  • Du er serviceinnstilt og trivst med å arbeide strukturert og nøyaktig.
  • Du har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide både i team og sjølvstendig.
  • Du trivst med varierte oppgåver og til tider hektiske arbeidsdagar. 
  • Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø saman med kollegaene dine
  • Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Godt arbeidsmiljø


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Beathe Monica Solheim, Seksjonsleiar, (+47) 97 15 35 87

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5202675542
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 15.11.2026

Benefits
Pension Plan
Life Insurance
Disability Insurance