Dentist

Distriktstannklinikken Stranda og Valldal, Møre og Romsdal fylkeskommune
Stranda, Møre og Romsdal, Norway
Posted
On-site
Full-time
Mid-level
Job Description

 

Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Indre Sunnmøre?

Vi søkjer ein engasjert tannpleiar til ei fast 100 % stilling i Ålesund kompetanseregion. Du vil få ein variert arbeidskvardag fordelt mellom distriktstannklinikken Stranda (60 %) og distriktstannklinikken Valldal (40 %)

Mellom fjord og fjell ligg Stranda og Valldal, omgitt av nokre av dei mest spektakulære naturområda i landet. Her kan du nyte eit variert friluftsliv året rundt, frå toppturar og skikøyring til sykling, båtliv og rafting. Regionen er kjend for levande lokalsamfunn, eit aktivt kultur- og foreiningsliv og gode moglegheiter for både familiar og tilflyttarar som ønskjer ein aktiv og innhaldsrik kvardag. Les meir om regionen og moglegheitene for eit aktivt liv mellom fjord og fjell:
Visit Stranda: www.visitstranda.com eller Valldal Adventure Valley: www.valldal.no

 

 


Arbeidsoppgåver

Varierte kliniske arbeidsoppgåver med undersøking og behandling av alle pasientgrupper. Forebyggande, helsefremmande tannhelsearbeid, med samarbeid med barnehagar, skolar, institusjonar og andre samarbeidspartar. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver.   

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som tannpleiar. 
  • God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg.
  • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • kjenner stoltheit for tannhelsefaget 
  • trivst med å jobbe med og for menneske 
  • jobbar effektivt og sjølvstendig 
  • har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert 
  • ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein god jobb der du kan utvikle deg
  • Lønn etter tariffavtale  
  • Etableringstilskot og flyttetilskot
  • Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse 
  • Trivelege medarbeidarar og godt miljø 
  • Introduksjonsprogram
  • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)

Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest

Kontaktinformasjon

Julianne Langelo Hole, Klinikkleder, 41367808
Are Kristoffer Hjeltnes, Overtannlege Ålesund kompetanseregion, 92045001
Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500

Arbeidsstad

Øyna 24
6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5202422912
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2026

Benefits
Pension Plan
Life Insurance
Disability Insurance