Har du lyst å vere ein del av eit natteam der du utfører sjukepleieroppgåver både ute i kommunen og inne på
institusjon?
I natt teamet jobbar det 4 tilsette saman kvar natt. Teamet bestend av to sjukepleiarar og to helsefagarbeider. Den eine sjukepleiaren er stasjonert i Bø i lokala til
omsorgsbustader knytt til sjukeheimen. Denne sjukepleiaren skal ikkje ha fast
arbeidsliste på natt, men ha fokus på sjukepleieoppgåvene, som til dømes
terminal pleie, antibiotika intravenøst, sjukepleieprosedyrer, akutte hendingar
og liknande. To pleiarar handterer oppdraga som er ute i distriktet som ligg
innunder heimetenesta og vedtak dei har. Feks medikamentshandtering,
tryggleiksalarmar og liknande, og ein jobbar i heildøgnsbemanna
omsorgsbustader.
Stillingane er med arbeid tredje kvar helg. Heimetenesta har årsturnus
som gir god oversikt og fleksibel arbeidskvardag.
Ei vanleg nattevakt som sjukepleiar/vernepleiar på natt kan sjå slik ut:
Arbeidsoppgåvene er som regel både spennande og overkommeleg, men ein
veit aldri kva natta kan bringa fram av oppgåver til oss. Har nokon falt? Treng
nokon antibiotika intravenøst? Er det ein PVK som trengs å bytast? Skjer det ei
akutt hending? Har me nokon som er i den siste fasen av livet? Kanskje det er
ein pårørande som treng nokon å snakka med? Oppgåvene kan vera mange og
varierte. Ingen natt er lik.
Du må derfor bruka den faglege kompetansen din for å omprioritera og vera
løysingsorientert for å utføra helsehjelpa forsvarleg. Det blir forventa at man
jobbar effektivt og målretta og at man har pasientens beste som fokus. Kva er
viktig for pasienten er visjon vi jobbar med.
Om du i tillegg er god på
sjukepleiefaget og har stort fokus på prosedyrer, dokumentasjon, tiltak og mål
så håper vi verkeleg at du søker hos oss.
Krav til kvalifikasjonar
Ønska kompetanse
Særskilde krav
Personleg eigenskapar tilleggast stor vekt.
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.