Visual Content Developer

Kompetanse og digital læring, Helse Vest IKT
Bergen, Vestland, Norway
Posted
On-site
Temporary
Mid-level
Job Description
Er du god på animasjon og visuell formidling, og trivst med å jobbe tett på heile utviklingsprosessen? Bli med og løft korleis vi lagar digital opplæring til medarbeidarar i spesialisthelsetenesta!
I seksjon for Kompetanse og digital læring i Helse Vest IKT har vi ledig eit eittårig vikariat i innhaldsproduksjonsteamet vårt. Vi ser etter ein allsidig animatør / visuell innhaldsutviklar som både meistrar sjølve handverket med å skape animasjon, 3D og levande bilde, og som ønskjer å bidra aktivt inn i smidig prosjektarbeid frå start til slutt.
Hos oss utviklar vi digitale læringsprodukt for medarbeidarar i spesialisthelsetenesten på Vestlandet. Vi jobbar målretta for å kome bort frå tunge, tekstbaserte kurs, og heller bruke god visuell formidling for å forklare kompliserte ting på ein enkel måte. For å få til dette treng vi deg som kan kombinere visuell produksjon med god prosess- og brukarforståing.

Arbeidsoppgåver

Du kjem inn i eit tverrfagleg produksjonsteam med bakgrunn innan læringsdesign, pedagogikk og grafisk design. Hos oss vil rolla di vil veksle mellom visuell produksjon og deltaking i det breiare utviklingsløpet for e-læringskursa våre. Oppgåvene vil variere etter kva prosjekt og behov som kjem inn i løpet av engasjementet, men du vil mellom anna:

  • Delta i prosjektmøter og samarbeide tett med fagmiljø på sjukehusa for å forstå målgruppa og kartleggje brukarbehov.
  • Vere med i tidleg fase, konseptutvikling, kursskisser og manusarbeid saman med resten av teamet – og gjerne dra prosessar frå idé og storyboard til ferdig løysing.
  • Lage korte animasjonar (2D/3D), video og visuelt innhald som forklarar prosedyrar eller faglege konsept i e-læringskursa våre.
  • Bidra med generell produksjon, kursbygging og revisjonar i utviklingsløpet når det krevst.

Kvalifikasjonar

I tråd med kvalifikasjonsprinsippet legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit:

  • Portefølje / Showreel (ønske): Vi ønskjer å sjå konkrete døme på kva du har laga av animasjon, 3D, video eller anna visuell historieforteljing.
  • Du har relevant utdanning innan animasjon, 3D, digital medieproduksjon, visuell kommunikasjon eller tilsvarande. Solid praktisk erfaring og ein god portefølje kan vege opp for formell utdanning.
  • Du er stødig og effektiv i relevante verktøy for animasjon, 3D og video (som t.d. After Effects, Premiere Pro, Blender eller tilsvarande), og har kjennskap til heile den kreative pipelinen. Kjennskap til forfattarverktøy for e-læring er ein fin bonus.
  • Du har gjerne erfaring med – eller interesse for – manusarbeid, visuell
    konseptutvikling og smidig prosjektarbeid.
  • Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Som person er du ein lagspelar som også jobbar godt på eiga hand.
  • Du er fleksibel og open for å ta i eit tak der teamet treng det i produksjonen.
  • Du er proaktiv og løsningsorientert
  • Du er leveransedyktig og initiativrik
  • Du er god på å gjere prioriteringar i ein hektisk kvardag
  • Du er strukturert, systematisk og har fokus på kvalitet
  • Du deler villig av din kompetanse til resten av teamet
  • Du bidrar inn til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein variert kvardag: Du får brukt både den visuelle spisskompetansen din og evna til å jobbe med konsept, manus og prosjektutvikling i praksis.
  • Ein jobb som betyr noko: Kursa og innhaldet du er med på å lage bidreg til ein tryggare og enklare arbeidskvardag for medarbeidarar i spesialisthelsetenesta på Vestlandet.
  • Eit sterkt og uformelt fagmiljø: Vi er ein engasjert gjeng som deler kunnskap, sparrar i kvardagen og har låg terskel for å teste nye grep.
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
  • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar

Hugs å leggje ved lenkje til showreel eller portefølje i søknaden din – vi gler oss til å sjå kva du har laga!

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Frøy Kristin Johnsen, Seksjonsleiar, +4747623129

Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29
5052 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 5202417753
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 16.11.2026

Benefits
Pension Plan
401(k) or Equivalent
Tools & Technologies
Adobe After Effects
Adobe Premiere Pro
Blender