Vil du jobba på ei spennande og variert avdeling saman med energiske og flotte kollegaer? Me har no ledig eit vikariat på 62,5 % natt.
Hemato/endo/infeksjon er ei medisinsk avdeling med 16 sengeplassar som omfattar tre fagfelt. Du vil jobba innanfor alle områda, og her er det rom for stor fagleg og personleg utvikling.
I løpet av april/mai 2027 skal avdelinga delast, og det blir etablert ei eiga sengepost for kreft- og blodsjukdomar. Den som blir tilsett i dette vikariatet, vil få moglegheit til å vere med på denne utviklinga og bli ein del av det nye fagmiljøet. Dette gir ei unik moglegheit til å bidra i oppbygginga av ei ny sengepost og vere med på å forme framtidas behandlingstilbod for pasientgruppa.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar me å høyra frå deg! 💙
Kva går jobben ut på?
- Utføra prosedyrar som sårstell, antibiotikabehandling, kateterisering og handtering av sentrale og perifere venekateter.
- Delta i arbeid på sengepost, undervisning, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid.
- Ta imot og følgja opp pasientar.
- Delta i tverrfagleg samarbeid for å gi pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga.
- Gi god omsorg til pasientar og pårørande.
- Delta i tverrfaglege grupper.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisert sjukepleiar.
- Erfaring frå kreft, infeksjon og/eller diabetes er ein fordel.
- Vidareutdanning innan kreft, diabetes eller infeksjon er relevant og vil bli vektlagt.
- Må meistra godt norsk, både munnleg og skriftleg.
- Gode IKT-kunnskapar.
Kva ser vi etter hos deg?
- Du må kunne arbeida godt både sjølvstendig og i team.
- Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel.
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet.
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert.
- Du trivst med å arbeida i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo.
Kvifor skal du velje oss?
- Som nytilsett får du eit opplæringsprogram som gjer at du skal kjenna deg trygg og ivareteken.
- Me tilbyr ein variert arbeidskvardag der du kontinuerleg lærer nye ting og får utfordra deg sjølv.
- Eit godt arbeidsmiljø med fokus på sosialt samspel.
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA).
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Eilerås Bertelsen, Funksjonsleiar, +47 99360935
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5203107380
Stillingsprosent: 62,5%
Vikariat
Startdato: 01.02.2027
Sluttdato: 31.01.2028
Søknadsfrist: 16.11.2026