Er du typen som trivest når ingen dagar er like? Brenn du for å skapa meistring, ser moglegheiter framfor begrensningar og er trygg i rolla di? Då er det kanskje akkurat deg vi leitar etter.
- 100% stilling i turnus er ledig frå januar 2027.
Arbeidsstad:
Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og Varafjell er kommunen sitt avlastingstilbod til foreldre med barn og unge med nedsatt funksjonsevne, og senteret ligg strategisk plassert i Industrivegen, nær idrettsanlegget på Kuventræ. Varafjell er ikkje berre ein arbeidsplass, vi er ryggrada i kvardagen til ein herleg gjeng med barn med ulike behov, draumar og personlegheit.
Arbeidsoppgåver
Hos oss skal jobben handla om livskvalitet.
Kvalifikasjonar:
Det viktigaste for oss er at du har eit varmt hjarte og eit godt fagleg blikk.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Det kreves dokumenterte norskferdigheter på minimum nivå B2, både muntleg og skriftleg.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest
Kvifor velgje oss ?
Her får du ikkje berre ein jobb, du får moglegheit til å utgjere den største forskjellen i nokon sitt liv.
Du får en meiningsfull kvardag, der du kan sjå resultatet av jobben du gjer kvar einaste dag.
Du får jobbe samen med engasjerte kollegaer som brenner for det same som deg.
Vi tilbyr
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.