Laboratorieavdelingane ved Førde sentralsjukehus søkjer vikarar til sommarferien 2027.
Vi treng fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar – og søkjer deg som ønskjer ein spennande sommarjobb i laboratorietenesta.
Praktisk informasjon
Ferievikariat gjeld for perioden 01.06.2027 - 15.08.2027, eller etter avtale. Opplys i søknaden kva periode det er aktuelt for deg å arbeide.
Dei som vert tilsett i sommarjobb, kan også få tilbod om ekstraarbeid i samband med høgtider og andre ferieperiodar.
Om oss
Helse Førde tilbyr eit breitt spekter av analyser innan ulike fagområde. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår, og vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka, Vi legg til rette for at medarbeidarane våre skal trivast, utvikle seg og yte sitt beste. Bli med oss!
Laboratoria i Førde har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har fleire sosiale aktivitetar gjennom året og ønskjer alltid nye kollegaer velkomne.
Dette er ei felles utlysing for:
Har du ønske om å arbeide ved eitt bestemt laboratorium, kan du opplyse om dette i søknaden. Vi vil så langt det er mogleg ta omsyn til ønsket ditt, men vi kan ikkje garantere plass ved eit bestemt laboratorium.
Praktisk informasjon
Ferievikariat gjeld for perioden 01.06.2027 - 15.08.2027, eller etter avtale. Opplys i søknaden kva periode det er aktuelt for deg å arbeide.
Vi håpar du vil søkje og bli ein del av arbeidsmiljøet vårt!
Oppgje referanse ved utdanning og tidlegare arbeidsgjevar, samt legg ved karakterutskrift over avslutta fag.
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.