Vil du vere med å forme mobiliteten i Vestland?
Vestland fylkeskommune har ei sentral rolle i utviklinga av regionen og forvaltar eit breitt spekter av viktige samfunnsoppgåver. Avdeling for mobilitet og kollektivtransport har det overordna ansvaret for å utvikle og forvalte eit framtidsretta, miljøvenleg og effektivt mobilitets- og kollektivtilbod for innbyggjarane i Vestland fylke.
Vi har no to ledige stillingar innan løyveforvaltning: eit vikariat og ei midlertidig stilling i 100% med moglegheit for fast tilsetjing. Vi søkjer engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar som vil vere med å sikre eit trygt, lovleg og berekraftig drosjetilbod i fylket. Hjå oss får du ein variert arbeidskvardag der jus, samfunnsoppdrag og praktisk forvaltning møtest.
Løyveforvaltning inneber rådgjeving og sakshandsaming for løyve til drosje, buss og båt, samt å bidra til gode løysingar i dei kommunane som har utfordringar med drosjetilbodet sitt. Stillingane omfattar både generell og politisk sakshandsaming, samt handtering av førespurnader frå publikum.
Som rådgjevar/spesialkonsulent hos oss vil sentrale arbeidsoppgåver blant anna vere:
Vi treng deg som har høgare utdanning på masternivå innan administrative fag eller tilsvarande. Kvalifiserte søkjarar utan mastergrad kan også bli vurderte. Då vil stillingstittel bli justert i samsvar med kvalifikasjonar.
I tillegg er det fint om du har:
Du treng ikkje kunne alt frå før, vi sikrar god opplæring i regelverk og arbeidsprosessar.
Vi ser etter medarbeidarar som kjenner seg igjen i verdiane våre: open, modig og kompetent. I tillegg har vår framtidige nye kollega følgjande personlege eigenskapar:
Hos oss kjem du inn i eit sterkt engasjert fagmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling, med stor samfunnspåverknad.
I tillegg tilbyr vi: