Sjukepleiar

Helse Bergen HF
Bergen, Vestland, Norway
Posted
On-site
Full-time
Mid-level
2+ YoE
Job Description
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar


Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

Vi har ledige stillingar ved desse avdelingane:


Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.


Arbeidsoppgåver

Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering. 
Kontakt: [name removed], Tlf 55918484/ Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425.

Nevrokirugisk akuttposter ein stor sengepost med 30 senger. Vi behandlar pasientar med sjukdom i nervesystemet. Våre vanlegaste diagnosar er hjerneslag, epilepsi, parkinson, prolaps, hjernesvulst og diverse betennelsestilstandar i nervesystemet. Vi tar imot over 90% akutthjelp, og jobbar tverrfagleg for å kunne gi eit best mogleg tilbod til pasientane våre. Hos oss får du spennande, imteressante, utfordrande og lærerike dagar.
Kontakt: [name removed] 55975041/55975030.

Akuttmottak søker sjukepleiar med krav om minst 2 års relevant klinisk yrkeserfaring. Vi tar imot alle typar pasientar som treng ØH-hjelp, frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. Vi tar imot pasientar som treng behandling eller vurdering i spesialisthelsetenesta på grunn av sjukdom eller skade. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse.
Kontakt: [name removed], tlf. 55977926.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Avdeling Hovud-Hals og Auge har ledig 100 % stilling som sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi kan tilby ein spennande, variert og lærerik kvardag og godt arbeidsmiljø. Sengeposten har 27 senger innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor gruppe er pasientar med kreft i hovud/hals som klinikken har regionalt behandlingsansvar for. Pasientane er innlagd både for kirurgisk behandling og strålebehandling. Det er ein spennande avdeling med fleire fagfelt og stor variasjon av faglege prosedyrar og avdelinga har hovudansvar for tracheostomipasientar. Vi har eit godt teamarbeidsklima og arbeidsmiljø og det blir planlagd ønsketurnus og moglegheit for langvakter. Sjekk "hovud/hals/auge" på Helse Bergens Instagram side.
Kontakt: [name removed], tlf. 55973519 eller Kjersti Walde, tlf. 55973509.

Avdeling Hovud-Hals og Auge har også ledig kombistilling, stillinga er kombinert med Øyre/Nase/Hals poliklinikk (55/45%).
Hovud-Hals og Auge avdeling har døgndrift med 27 senger og inneliggande pasientar over 18 år. Vi har pasientar innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor pasientgruppe er pasientar med kreft i hovud/hals som klinikken har regionalt behandlingsansvar for. Pasientane er innlagd både for kirurgisk behandling og stråle-behandling. Det er ein spennande avdeling med fleire fagfelt og stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar, og avdelinga har hovudansvar for tracheostomipasientar. Vi har eit godt arbeidsmiljø, trivsel og teamarbeid i avdelinga. Øyre/Nase/Hals poliklinikk har stor aktivitet og fungerer som akuttmottak for Øyre/Nase/Hals pasientar på dagtid. Poliklinikken utfører utredning, behandling og kontroll av pasienter i  godt samarbeid med leger, og det utføres selvstendige sykepleiekonsultasjoner. Det er stor variasjon av arbeidsoppgåver i poliklinikken. Vi har eit godt arbeidsmiljø og teamarbeid med trivsel i poliklinikken.
Kontakt: [name removed], tlf. 55973519 eller Kjersti Walde, tlf. 55973509.

Kirurgisk klinikk søker sjukepleiarar med interesse for kirurgiske fag. Ønsker du ein arbeidskvardag med fagleg breidde, variert pasientforløp og gode utviklings-moglegheiter? Kirurgisk klinikk søker sjukepleiarar som vil bli ein del av eit stort og spennande kirurgisk fagmiljø. Klinikken har 5 sengepostar, 4 poliklinikkar, elektivt mottak/dageining og intensiveining for brannskadar. Våre fagområde er gastrokirurgi, urologi, karkirurgi, plastikkirurgi og dessutan bryst- og endokrinkirurgi. Vi har ledige stillingar ved gastrokirurgisk sengepost. Hos oss har vi 3 delt turnus med moglegheit for langvaktar.
Undervegs i prosessen kan det bli ledig stilling ved andre avdelingar i klinikken og søknaden din kan også bli vurdert for desse. Har du eit spesifikt ønske om kvar du vil jobbe – eller er du nysgjerrig på fleire fagfelt og seksjonar? 
Kontakt: [name removed], tlf. 98877954.

Lungeavdelinga Vil du bli ein del av eit spennande og engasjert fagmiljø ved ei av Noregs største lungeavdelingar?
Vi søker engasjerte sjukepleiarar som ønsker ein variert og lærerik arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø med høg spesialkompetanse. 
Lungepost 1 har totalt 16 sengeplassar fordelte på to team: Respiratorisk overvakingseining (ROE) med 8 sengeplassar og 8 lungemedisinske sengepostplassar.
ROE er ei spesialisert eining for utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med akutt og kronisk respirasjonssvikt. Eininga har særleg kompetanse innan respiratorbehandling, trakeostomi og respiratoravvenning, og samarbeider tett med dei medisinske og kirurgiske intensiv- og overvakingseiningane ved sjukehuset.
Det lungemedisinske teamet behandlar i hovudsak pasientar med KOLS, astma og ulike infeksjonssjukdommar.
Hos oss får du ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag, der du møter pasientar med både akutte og komplekse sjukdomstilstandar. Du blir ein del av eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø med tett tverrfagleg samarbeid, god opplæring og moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
Vi ønsker både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar velkomne til å søke. Det viktigaste er at du har interesse for fagfeltet, er lærevillig og ønsker å bidra til god pasient-behandling og eit godt arbeidsmiljø. Stillinga inngår i 3-delt turnus med arbeid kvar 3 helg.
Kontakt: [name removed], tlf. 55973552.

Yrkesmedisinsk avdeling Har du lyst til å bli ein del av eit kompetent og høgspesialisert fagmiljø?
Ved Yrkesmedisinsk avdeling får du anledning til å arbeide innan fleire spennande fagområde og bidra til diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar med komplekse problemstillingar.
Yrkesmedisinsk avdeling har ansvar for helseregion Vest og arbeider med utgreiing, behandling og førebygging av allergiske sjukdommar og helseplagar knytte til påverknader i arbeidsmiljøet. Avdelinga har òg ansvar for fleire nasjonale behandlingstenester, mellom anna Nasjonal behandlingsteneste for elektiv hyperbar oksygenbehandling og Norsk senter for maritim og dykkemedisin. Stillinga er dagarbeid måndag til fredag, med arbeidstid mellom kl. 07.30 og 16.30
Hos oss får du arbeide med pasientar innan fleire spesialiserte fagområde og vere ein del av eit engasjert fagmiljø som er opptatt av kvalitet, utvikling og samarbeid.
Kontakt: [name removed], tlf. 55973901/Lillian Hopland, tlf. 55976111.

Kvinneklinikken har eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling av kvinnesjukdommar generelt. Vi er rundt 500 medarbeidarar ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus. Vi har ledig kombinasjonsstilling for sjukepleiar der 70% av stillinga er knytt til KK administrasjon der hovudoppgåvene er operasjonsplanlegging for pasientar med generelle gynekologiske tilstander og 30% er knytt til Gynekologisk sengepost som sjukepleiar på helg.
Vi ser etter deg som har minimum to års erfaring som sjukepleiar innanfor gynekologisk fagfelt, erfaring frå sengepost er ein fordel.
Kontakt: [name removed] tlf. 40082658/Ann-Josefin Olafsen-Bakke, tlf. 47368228.

Kvalifikasjonar:
    • Norsk autorisasjon som sjukepleiar, eller få dette i løpet av 2026
    • Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
    • Har erfaring frå helse- og omsorg er eit pluss, men ikkje eit krav
    • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
    • For nokre avdelingar kan det vere krav om tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr helsepersonelloven § 20a og politiregisterloven § 39 første ledd

    Vi tilbyr:

    • Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
    • Gode utviklingsmoglegheiter – både fagleg og personleg
    • Lønn etter gjeldande avtaleverk
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Tilgang til vårt idrettslag – HSI – med mange aktivitetar og eit sosialt fellesskap

     

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga

    Arbeidsstad

    Haukelandsveien 22
    5021 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 5202588919
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 15.11.2026