Kronstad DPS er eit lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne, sentralt plassert på Danmarksplass, like ved bybanestoppet. DPS`et har ansvar for sentrumsregionen i Bergen (bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda). Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Vi har tett samarbeid med fastlegar, kommunehelsetenesta, psykiatrisk klinikk og andre offentlege og private instansar.
Kronstad Allmenn døgnbehandling tilbyr korte målretta opphald akutt og elektivt.
Behandlingstilbodet er individuelt utforma, men kan innehalde: Utgreiing av diagnose og funksjonsnivå, medikasjon, ECT (som blir utført av avdeling for psykosomatikk), samtalebehandling med behandlingsteam, i grupper og individuelle samtalar, miljøterapi, fysisk aktivitet, psykoedukasjon, etablering av kontakt med ettervern, sosionomtenester, oppfølging frå fysioterapeut, heimebesøk, samtalar med pasientens barn og pårørande.
Vi har 3 ledige faste helgestillingar som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar/assistent med oppstart snarast eller etter avtale.
Er du student og vurderer å jobbe innan psykiatri seinare, er dette ein jobb som gir mykje relevant erfaring.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.