Vi søker deg som ønsker å bidra til gode tenester og til NAV sitt viktige samfunnsoppdrag.
Vår controller går av med pensjon, og ved NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har vi ledig ei fast 100% stilling som controllar med driftsoppgåver.
Du treng ikkje ha lang erfaring for å vere aktuell. Har du relevant utdanning innan økonomi og administrasjon, interesse for økonomistyring, analyse og verksemdsstyring, legg vi til rette for nødvendig opplæring og utvikling.
Som controllar blir du ein viktig støttespelar for leiarane våre. Du vil arbeide med budsjett, prognosar, rapportering og analysar. Stillinga omfattar òg oppgåver innan innkjøp, fakturahandtering, avtaleoppfølging og ulike administrative og driftsrelaterte oppgåver. Gjennom deltaking i nasjonale fagnettverk får du samarbeide med kollegaer frå heile landet og bidra til utvikling, læring og deling av erfaringar.
Du blir ein del av rådgjevingsavdelinga og får ein variert arbeidskvardag med stor innsikt i verksemda vår og tett samarbeid med både leiarar og kollegaer.
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har 36 tilsette og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, tillit og høg fagleg kompetanse. Saman arbeider vi for å gi brukarar, kommunar og samarbeidspartnarar gode tenester og løysingar som fremjar meistring, deltaking og sjølvstende.
NAV Hjelpemiddelsentral er eit ressurs- og kompetansesenter for hjelpemiddel og tilrettelegging. Vi er ein del av NAV Hjelpemiddel og tilrettelegging, med om lag 1 400 tilsette fordelt på 14 hjelpemiddelsentralar over heile landet.
Krav til stillinga
Utdanning innan økonomi og administrasjon, eller anna relevant høgare utdanning
Gode digitale ferdigheiter
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Det er ønskjeleg at du har
Erfaring med økonomioppfølging, analysearbeid og prognosearbeid
Erfaring frå offentleg verksemd
Nav hjelpemiddel og tilrettelegging er i utvikling, og vi arbeider aktivt for å styrkje samarbeid og ressursutnytting på tvers av hjelpemiddelsentralane. Dette kan føre til at arbeidsoppgåver og ansvarsområde blir justerte i tråd med framtidige behov.
- Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du bidreg til eit viktig samfunnsoppdrag
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Moglegheit til å bidra i utviklinga av arbeidsprosessar og løysingar
- Fleksitidsordning
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Ein fleksibel arbeidskvardag med hybride arbeidsløysingar - Tilsetjing som rådgjevar (stillingskode 1434) Løn frå kr 639 000 til kr 694 000 per år
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse