Likar du praktisk arbeid, tekniske utfordringar og varierte arbeidsdagar?
No har du moglegheita til å bli ein del av laget som sørgjer for at kommunale bygg og anlegg fungerer godt – kvar dag, heile året!
Vi har ledig 100% fast stilling som fagarbeidar bygg og eigedom.
Høyanger kommune har ein variert bygningsmasse og mange spennande tekniske anlegg som krev godt vedlikehald og fagleg oppfølging. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du samarbeider med fleire faggrupper i eit tverrfagleg team innan drift og vedlikehald.
Då stillinga kan inneber arbeid ved skule/barnehage må den som vert tilsett legge fram politiattest.
Vi ser etter deg som er praktisk, løysingsorientert og ansvarsbevisst, med god serviceinnstilling og evne til å prioritere. Du er fleksibel, samarbeidsvillig og trivst med både sjølvstendig arbeid og teamarbeid. Du har interesse for teknologi og fagleg utvikling, og kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
Det vert lagt vekt på personlege eigenskaper.
Vil du bruke fagkunnskapen din til noko som betyr noko for lokalsamfunnet?
Da vil vi gjerne ha deg med på laget i Høyanger kommune!
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.