Klinisk sosionom, fast stilling ved BUP Fana
Er du klinisk sosionom eller sosionom med vidareutdanning og ønsker jobb i eit fagleg sterkt og engasjert miljø? Ved BUP Fana har vi ledig fast stilling frå januar 2027.
Om oss
BUP Fana er ein av sju poliklinikkar i Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU). Vi held til sentralt på Nesttun, samlokalisert med BUP Ytrebygda. Opptaksområdet vårt omfattar Austevoll og Fana byområde i Bergen. Poliklinikken har 24 fagårsverk, inkludert tyngdepunktfunksjon for behandling av spiseforstyrringar, Regionalt senter for høyrsel og psykisk helse og ei stilling knytta til Tverrfagleg helsekartlegging.
Fagmiljø og behandlingstilbod
Hos oss møter du engasjerte og erfarne kollegaer. Vi tilbyr mellom anna:
IIP-gruppe, FBT-team, traumebehandling med erfarne terapeutar, EFST-grupper tilpassa spesialisthelsetenesta og eige team for utgreiing av autisme.
Dei siste åra har vi hatt særleg fokus på barn og unge med nevroutviklingsforstyrringar, vi har etablert IPS i samarbeid med NAV og arbeider tett opp mot både kommunale tenester og Barnevernsinstitusjonane i opptaksområdet vårt.
Vår tilnærming
Vi er opptatt av fagleg kvalitet, effektiv bruk av ressursar og godt samarbeid – både internt og med eksterne aktørar. Vi søker deg som ønsker å bidra inn i tverrfagleg team med spesifikk kompetanse som sosionom og som er engasjert i å finne gode løysingar for spesialisthelsetenesta i møte med aukande behov i befolkninga.
Krav til stillinga
Ved tilbod om stilling må du leggje fram tilfredsstillande politiattest i samsvar med helsepersonellova § 20a (arbeid med barn og utviklingshemma).
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.